
Torsdagen gjekk me opp på nærmaste høgde (he ikkje peiling på høgda, kanskje 450 moh??) og skreiv oss inn i ei bok. Véret viste seg desverre ikkje frå si beste side, men med regnklede, fjellsko og ein varm vedomn i hytta er det ingen problem :)

Fredagen gjekk me opp på den høgaste toppen av toppane rundt fjellvatnet; Torvløysa 1036moh (eg har lenge trudd at denne toppen mangla ein stakkars meter på å bli over tusen, men det gjorde den altså ikkje). Halvvegs opp i fjellet snudde me på grunn av at det var so mykje skodde. Men so verka det som det letta litt opp og me snudde oppover igjen.


På toppen vart me møtt av meir tåke, hagel og sludd, men på tur ned igjen glimta sola til :)

Laurdagen rodde me først over vatnet og so gjekk me på fjellet Ølsnøsa, veit ikkje kor høgt det er - men tipper rundt 850 moh. Bak Hilde ser dere no Torvløysa som vi var på dagen før.



Vel nede igjen drog me til bestfar sin hytte og grilla pølser, kantareller (plukket på fjellturen) og Hilde sine labber.

Alt i alt ein fantastisk tur!
3 comments:
Fjelltur er bra! Har ikke gått på noen i det området der, men det ser jo skikkelig fint ut der, så kanskje jeg må ta meg noen turer der også en gang.
Ja, det er skikkelig vakkert der! Herlig tur! :D
Takk for en kongebra tur jenter!! Dere er bare herlige :)
Tikka-CAREFACE-master-big-hug
Post a Comment