I dag ringte det på døra (noko som i seg sjølv skjer skjeldent) og eg spratt opp av stolen for å sjekke kven det var (trudde eigentleg at det var Hanne som hadde gløymt nøkkelen sin). Når eg opna døra fekk eg sjå ei kjempe koseleg gamal dame og ein litt beskjeden mann utanfor. So klart viste dei seg å vere Jehovas vitner. Prata ei stund samans med dei og må seie at eg var eigentleg eining i det meste dei sa.
Når dei til slutt gjekk var eg litt skuffa. Dei seier so mykje bra som eg er enig i, men likevel veit eg at dei har ein heilt feil tankegong i forhold til mi eiga tru. I ha so lyst til å seie eit eller anna som kunne få dei til å forstå, men orda vart alt for knappe og det er vanskeleg å argumentere i ting som du er enig til (Gud finnes, Gud har skapt jorda...). Skulle berre ønske at Gud kunne opne augo deira. Gud har gjort alt som det er å gjere!

