og det same er flåtten.
I dag tok eg min første flått (sjølv om eg ikkje synes dei ser so ekle ut som det dette bilete viser [det er no berre små svarte prikker med føtter]) for sommaren, evt. mine tre første flåtter for sommaren... Men kva anna kan ein vente når ein bur på ei lita øy som det kryr av rådyr. Tre i dag og fleire bli det nok i løpet av dei kommande månandane.
Og so må i berre få sagt at det var eit nydeleg syn dei siste minutta av moldekampen, eller rettere sagt dei siste sekunda :)
Dessutan har det skjedd ein del på denne øya sidan sist, Ormen skaffer penger og kommunen er flinke til å bruke dei. Til dømes har det kommet to sandvolleyballbaner! Om du kommer på besøk kan vi spele litt :)
Ikkje noko er meir digg enn å ta med ei god bok, sette seg på eit stille sted ved sjøen og nyte det nydelege veret!
