GUINPA inc.

Thursday, September 17, 2009

Haustweekend, og litt BINGO

Tenkte eg skulle legge ut litt bileter på buf-sida, men eg fann ikkje ut korleis eg skulle gjere det, so då tek eg eit lite utval av bileter her i staden :) 

Hausteweekend var utruleg kjekt (det var i alle fall me her i huset samstemte om)

Det vart både mat, sosialt, åndeleg påfyll, sporlaup, fjelltur og mykje moro :)


Lag eit kvadrat med bind for augo. Når det er fire hjørne og fem personar kan det bli eit artig skue :)

Flest personar på same person - stå i 10 sek


Iherdig drøfting og engasjement på denne gruppa:

Ut på tur!



Eg fekk ta dette bilete, om eg satte på kaffien:

Intet kos, utan strikking :)


Kristine legg slagplan over fjelltur og Jacob imponerer med sine kunster!

Forresten etter eit heilt år å sikla etter idrettsbingoen på Buruan, tok me endeleg steget inn i lokalet og prøvde det ut. Hanne var berre eit nr frå BINGO! Artig opplevelse :)

Sunday, September 6, 2009

Rosa

Akkurat no set eg ved kjøkkenbordet og prøver å lese pesum.

Eg kikker ut av vinduet og augo fell på to små jenter.

Begge har rosa genser. Den eine har store englevinger på ryggen.

Forsiktig plasserer dei paraplyen over dukkevogna - dukka skal sikker sove.

Kroneisen er godt plassert i handa og smilet om munnen.

Englejenta flakser omkring.

Kanskje me alle skulle hatt ein dag med rosa englevinger?

Saturday, September 5, 2009

Call on Jesus